Stein Urheim & The Cosmolodic Orchestra: Utopian Tales

Arrangementsinformasjon

Sundag 4. februar kl 18: Bli med på ei musikalsk reise med gitarist Stein Urheim og The Cosmolodic Orchestra! Avgang frå konsertsalen i Kabuso.             

The Cosmolodic Orchestra er:
 Mari Kvien Brunvoll - vokal, elektronikk
 Per Jørgensen - trompet, vokal
 Kjetil Møster - saksofonar, bassklarinett, elektronikk
 Mari Kvien Brunvoll - vokal, elektronikk
 Ole Morten Vågan - kontrabass
 Kåre Opheim - trommer, perkusjon
 Stein Urheim - gitarar, elektronikk, vokal

Her møter du ei god samling stjernemusikarar med svært sterke individuelle stemmer. Urheim skildrar verket Utopian Tales som «ein musikalsk reiseberetning frå meir eller mindre utopiske samfunn, fiktive og realiserte».
På denne reisa kan ein venta seg utstrakt bruk av mikrotonalitet i kombinasjon med eit meir konvensjonelt tonespråk, referansar til folkemusikk frå ulike verdshjørne og ikkje minst mykje gnistrande improvisasjon.

konsert
kabuso

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte