Temaføredrag: Farge - inkl. fargebad i Hardanger Skyspace
Møt ein farge-professor - bli med på fargebad!
Tysdag 14. april kl 19
I Kabuso-kafé / Hardanger Skyspace
Bli med på temaføredrag om farge ved tidlegare professor i temaet, Mette L´orange!
Det blir også høve til å oppleva eit fargebad i Hardanger Skyspace, lysverket av James Turrell
Mette L’orange (1951) er sivilarkitekt, biletkunstnar og tidlegare professor i farge ved Universitetet i Bergen / Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo.
Ho var leiar for Institutt for Romkunst frå 1991 til om lag 2005.
Utdanna ved Oxford Brookes University, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Statens kunstakademi.
Eige studio: Architecture, Heritage, Art.
Arbeidsfeltet hennar inkluderer regulært arkitektarbeid, måleri, installasjon og anna romrelatert kunst, samt fargar for arkitektur, rom og omgjevnader.
Her kan nemnast utsmykking av BI Campus Nydalen i Oslo og fargar for aulaen ved Universitetet i Bergen, samt fleire sjukeheimar i Bergen.
Ho utførte fargeskjema for bygardar og burettslag og laga fargerettleiarar for fleire norske kommunar som Voss, Notodden, Haugesund, Røros, Kongsvinger, Molde, Kristiansund, Åndalsnes og Sykkylven.
Seinast var ho òg fargerettleiar for Filipstad i Oslo. Fargerettleiar for byområde i Oslo (2023) var òg i stor grad basert på kompetansen hennar.
Publisert: Boka «Fargar i arkitekturen» (2008), samt ei rekkje fagartiklar, som «Redsel for farge» og «Farge er eit fag» i Arkitektur N.
Forsking: Le Corbusiers fargeklaviatur.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte