Daniela Reyes
«...noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura».
– Audun Vinger (Dagens næringsliv) etter Reyes-konsert.
Fredag 17. april kl 19
Daniela Reyes
Billettslepp: Fredag 28. nov kl 12
Daniela Reyes er tilbake med ny musikk, så ærleg og underfundig at det er nær umogleg å ikkje stoppe opp og lytta.
Ho er hylla som ein av våre beste, unge tekstforfattarar - og det ho leverer på det nye albumet, La meg bli ditt gjemmested, viser ein artist som framleis er i rasande utvikling.
Daniela Reyes kan – til tross for sin unge alder – sjåast som ein føregangsperson for den nye generasjonen visesongarar.
I 2021 slapp ho gjennombrotssingelen Usikker musiker, etterfølgt av debutalbumet Engangsdager. Her fekk ho skryt frå ei einstemmig musikkpresse, som kåra henne til årets beste debutant.
Ho vann Spellemannprisen i kategorien Årets tekstforfattar, og albumet blei også premiert med ein drøss av gode omtalar.
I haust slapp ho La meg bli ditt gjemmested og fekk strålande tilbakemeldingar frå både fans og anmelderar.
Nye songar. Nytt format.
Nært, rått og vakkert.
Ein musikalsk gøymestad du ikkje vil ut av.
Support: Delish
______________
Plassbillettar: Ja
KabusoVen: Ja, 20% rabatt
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte