Millom bjørker og poplar - musikalske samtalar med to poetar

Arrangementsinformasjon
Default file 1513176138

Bli med på ein lidenskapleg spansk/hardangersk-aften i Kabuso sundag 15. april kl 18! Nokre stikkord er spansk musikk, flamencodans, poesi og diktarane Federico Garcia Lorca og Olav H. Hauge.      

Medverkande:
 Danitza Olea, flamencodans
 Alejandro Villanueva, song
 Annabel Guaita, piano
 Jesus Morente, flamencogitar

 Musikk: Manuel de Falla og Geirr Tveitt
 Tekstar: Federico Garcia Lorca og Olav H. Hauge

 Den norske diktaren Olav H. Hauge og spanske Federico Garcia Lorca hadde mykje til felles. Dei var begge litt annleis enn omverda. Hauge samtala med trea, Lorca song med poplane. Her blir publikum tatt med inn i deira dikting, men óg i dagbøkene til diktarane. Dei får koma til orde gjennom musikken og finn igjen i livsgleda - men også i smerta som flamencodansen uttrykkjer.

 "Då eg var barn gav eg kvar ting en personlegdom. Eg samtala med dei og elska dei. Det var nokre svartpoplar i hagen min. Ein kveld fekk eg det for meg at poplane song. Vinden som bles gjennom greinene, skapa ein lyd som eg fann musikalsk og pleidde å akkompagnera poplane sin song..."  (Dagboka til Lorca 10. mars 1934)

 "Eg stod bøygd yver kranen under kissebærtrei. Då høyrde eg summingi av moshumlone. Dei brumla so det høyrdest ut som eit heilt orgel i trekrunone i kvelden. Djup, samstemd brumming".
 (Dagboka til Hauge 23. mai 1956)

dans
flamenco
olavhhauge
lorca
piano
gitar
song
sang

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte