Tresnittverkstad
Lær å lage tresnitt!
Kabuso gjentar det populære kurset frå i haust:
Bli med på tresnittkurs for vaksne (aldersgrense 15 år)!
Kurset er i 2 delar og med grafikar Åse Vikse som instruktør.
Du får erfaring med å skjere ut motiv i tre og trykke på papir.
Kurset byggjer på bruk av gjenbruksmateriale og enkle ressursar.
Det du lærer på kurset kan du ta med deg heim og halda fram med utan å gå til innkjøp av store mengder utstyr.
Kurset går over 2 ettermiddagar i februar/mars:
- Laurdag 28. februar kl. 11-15.30: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis ein kan repetere og såleis lage mønster.
- Laurdag 14. mars kl. 11-15.30: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk
Du kan velje å vere med på begge øktene eller berre den første.
For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller ha erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før.
Maks 8 deltakarar per kursdag.
Pris 1320,- for 1 gong / 2300,- for begge.
Materialar, lunsj, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Ha på deg eit forkle eller kle som toler å få flekkar på seg under kurset (høve til å skifta på huset)
Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.
Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger.
Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London.
I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning.
Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London.
Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.
Vikse er oppteken av å nytte materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.
Sjekk ut fleire tilbod på kabuso.no
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte