Helgasong

Velkomen til ein nydeleg førjolskonsert i Kabuso 16. desember kl 20!

page view image
Event date

Monday 16 Dec 2024 20:00

Ends Monday 16 Dec 2024 21:30
order
event image

Event information

Stjernelaget Berit Opheim, Nils Økland, Mats Eilertsen, Tore Brunborg og Irene Tillung kjem til Kabuso med vakre religiøse folketonar frå den nyinspelte plata Helgasong.

Berit Opheim - vokal
Nils Økland - hardingfele
Tore Brunborg - saksofon
Irene Tillung - trekkspel
Mats Eilertsen - kontrabass

Helgasong er ei heilt ny juleplate med tradisjonelle folketonar med tekstar knytt til jul og gamle julesongar som før har vore mykje brukt, men no ikkje er så vanleg å høyre lengre.
Med eit stjernelag av allsidige musikarar frå både folkemusikk- og jazzscena blir dette ein julekonsert utan glitter og stas, men attende til røtene.

Dei religiøse folketonane du får høyre har blitt sunge i lang tid, og nokre av dei har gått ut av bruk. Kvintetten har no drege dei fram att or dvalen, og gitt dei nytt liv. Dei er henta frå eldre notenedskrifter og frå lydarkiv, og geografisk tilhøyrer dei Voss, Hardanger, Eksingedalen (Vaksdal), Øygarden og Luster i Sogn.Gjennom mange hundre år har me sunge dei same salmane i advents – og joletida. Melodiane til salmane har vore ulike. Det er brukt mange lokale variantar/folketonar rundt i landet, i tillegg til fleire melodiar som er blitt standardisert og som «alle» syng, men salmetekstane er dei same. Uavhengig av kva ein trur på eller legg i tekstane, eller kva ein likar, er det mange som kjenner på fellesskap og samhøyrigheit når desse salmane blir framførte, eller ein er med og syng sjølv.

Tittelen på innspelinga, Helgasong, er henta frå Elias Blix sin vakre salme «No koma Guds englar med helsing i sky». Dette var den fyrste nynorske salmen som vart sunge i ei kyrkje, 2. joledag i 1884. Folketonen som me brukar på denne innspelinga har eg funne i notenedskriftene til Olav Sande (1850 – 1927), og han skreiv den ned på Voss (1899 – 1923) etter ei/ein ikkje namngitt songar.


Foto:Ingerid Jordal

 

________
Setereservasjon: Ja
Huset opnar kl 19, open bar/kafe

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
jul
julekonsert
Organizer
Kunsthuset Kabuso
Place your order