page view image

Tilibo - Woo La Ba

TILIBO er namnet på samarbeidet mellom bergensgitaristen og strengemeisteren Ole Andre Farstad og koraspelaren Ibou Cissokho frå Oslo.

Information
event image

Ole Andre Farstad – gitar, xalam, vokal
Ibou Cissokho
– kora, vokal
Sidiki Camara – perkusjon, vokal


I april 2024 gav Tilibo ut debutalbumet Woo La Ba, der dei fører arven etter storleikar som Toumani Diabaté og Ali Farka Touré vidare med ei leikande og uttrykksfull kora-gitar-dialog.
Frå urgamle songar til blues, jazz og moderne uttrykk – Woo La Ba representerer eit eksplosivt nytt samarbeid som blir spanande å følgja dei neste åra.

På scena med Sidiki Camara

På lanseringskonsertane har TILIBO med seg den framifrå perkusjonisten Sidiki Camara. Camara har samarbeidd med nokre av dei fremste afrikanske musikarane, som Mamady Kéita, Kasse Mady Diabaté, Rokia Traoré og Boubacar Traoré. Han har òg vore med på fleire turnear med Bill Frisells New Quartet, og spelte på det Grammy-nominerte albumet The Intercontinentals.

I 2024 vann Camara Spellemannprisen i kategorien tradisjonsmusikk for albumet Return to the Traditions.

Ibou Cissokho – kora og røter frå Senegal

Ibou Cissokho spelar kora – eit vestafrikansk strenginstrument med 21 strenger – på virtuost vis. Han voks opp i ein stor musikk- og forteljarfamilie i Senegal, og lærte å spela av far sin, den kjende musikaren Solo Cissokho.
Ibou er ein svært aktiv musikar på scenene i Oslo. Han turnerer med KarpeDiaspora-turneen og speler med kjende namn som Bugge Wesseltoft.

Ole Andre Farstad – ein verdsomreisande musikar

Ole Andre Farstad kjem frå Harøya i Ålesund kommune og har dei siste 20 åra studert og spelt strenginstrument på fleire kontinent. Han er involvert i mange musikalske prosjekt – frå verdsturnear med metalbandet Abbath, til verdsmusikk i banda Meelodi, Tres Musicos og Miss Tati Angola Søtti.
Han har òg spela med mange griot-musikarar frå Vest-Afrika, og gav i 2022 ut soloalbumet Streng på Streng, der han spelar på 16 forskjellige strenginstrument.

øystese hardanger kabuso hardangerogvossmuseum kunsthus gitar kora