Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim + Moskus
Omtale frå første konserten på Vossajazz 2023:
"Dette vart ein time i pur glede!" Med lyden av Moskus og Stein & Mari hadde eg prøvd å høyre musikken for meg i hovudet, og det vart akkurat så fantastisk som eg hadde høyrt det for meg."
- Torkjell Hovland (Ballade) etter første konserten på Vossajazz 2023
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk, perkusjon, sitar, glockenspiel
Stein Urheim: vokal, gitarar, fløyter, elektronikk
Anja Lauvdal: piano, synth, harmonium, elektronikk, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson: kontrabass, cello, plystring, vokal
Hans Hulbækmo: trommer, perkusjon, blokkfløyte, munnspel, tabla-maskin, vokal
I august 2024 kom den kritikarroste utgjevinga Barefoot in Bryophyte, basert på musikk frå eit bestillingsverk til Vossajazz i 2023, der Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll skreiv musikk og tekst til eit kvintettsamarbeid med trioen Moskus – Anja Lauvdal, Hans Hulbækmo og Fredrik Luhr Dietrichson.
Utdrag frå prosjektet fekk i 2024 NOPAS musikkpris, og albumet blei òg kåra til årets beste album av Nick Hasted i britiske Jazzwise det året.
Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim har skapt låtar som dei har bearbeidd vidare saman med Moskus. Det opne og improvisatoriske går att i musikken til låtskrivarane, der dei blandar det kjende og ukjende i songane sine. Dei har ei undrande tilnærming til det skapande, med tekstar som er både opne for tolking og treffande på same tid.
I tillegg til ei rekkje utgjevingar, Spellemann-nominasjonar og samarbeid med ulike musikarar har Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim tre utgjevingar bak seg som duo:
Stein & Mari’s Daydream Community (2011)
Daydream Twin (2013, Spellemann-nominert i open klasse)
For individuals facing the terror of cosmic loneliness (2015)
Anja Lauvdal, Fredrik Luhr Dietrichson og Hans Hulbækmo utgjer medlemmene i Moskus – ei trio som det siste tiåret har etablert seg som eit enormt kraftfelt i det norske jazzmiljøet.
Dei går inn i musikken med ein særmerkt signatur av smittande leikenheit, sveiseblind sjangerblanding og obsternasig eksperimentvilje.
Ein fot i fundamentet, ein fot i framtida, og kontinuitet som nøkkelord – har gjeve sju plateutgjevingar, fem Spellemann-nominasjonar og gjort at trioen for alvor har sett sitt preg på den same arenaen det siste tiåret.
Ta gjerne ein lytt under!
________
Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst
- Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte