Tresnittverkstad

Lær å laga tresnitt!

page view image
Evenemangsdatum

lördag 15 nov 2025 13:00

avslutas lördag 29 nov 2025 17:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Dag 1: Laurdag 15. nov
Dag 2: Laurdag 29. november
Begge dagar
Med ledsagarbevis
event image

Evenemangsinformation

Bli med på tresnittkurs for vaksne (aldersgrense 15 år) i Kabuso. Denne hausten inviterer Kabuso til kurs i 2 delar i november med grafikar Åse Vikse. Du får erfaring med å skjera ut motiv i tre og trykke på papir.

Kurset går over 2 ettermiddagar i november:

  • Laurdag 15. november kl. 13-17: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis me kan repetere og såleis lage mønster. Ein kan lage kort og gåvepapir, gjerne med juletema
  • Laurdag 29. november kl. 13-17: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk

Du kan velja å vere med på begge øktene eller berre den første. For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller ha erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før.

Tilmelding ved billettkjøp seinast 1 veke før.
Pris 1000,- for 1 gong, 1800,- for begge.
Materialar, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Maks 8 deltakarar per kursdag.

Ha på deg kle som toler å få flekker på seg eller eit forkle. Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.

Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger. Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London. I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning. Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London. Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.

Vikse er oppteken av å nytta materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.

 


Sjekk ut fleire arrangement på kabuso.no 


Taggar

kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
drinkanddraw
kurs
Arrangör
Kunsthuset Kabuso