The Nowhere Men - Lars Saabye Christensen & Helge Iberg
Helge Iberg spelar sine tolkingar av ikoniske Beatles-låtar, og forfattaren Lars Saabye Christensen les dikt og poetiske tekstar som er skreddarsydde for konserten, saman med personlege kommentarar frå sitt eige Beatles-univers.
Førestilling: Fredag 10. april kl 20
Billettslepp @ TicketCo: Fredag 19. des kl 9
Lars Saabye Christensen - opplesing
Helge Iberg - piano
Lars Saabye Christensen er ein av dei mest populære forfattarane i Noreg i si generasjon.
I medvitet til mange er oppvekstromanen Beatles eit av dei viktigaste tidsbileta frå andre halvdel av 1900-talet. Boka, som vart filmatisert i 2014, gav han Cappelen-prisen og gjennombrot også utanfor Noregs grenser.
Forfattaren har motteke Nordisk råds litteraturpris og ei rekkje andre utmerkingar. I 2006 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden, og i 2008 vart han utnemnd til riddar av den franske Ordenen for kunst og litteratur.
Bøkene hans er omsette til meir enn 30 språk.
Helge Iberg bevegar seg mellom partitura i samtidsmusikken og landskap i moderne jazz.
Han har skrive kammerverk, orkestermusikk, solokonsertar, vokalverk, opera og musikalar, men òg gjeve ut to bøker og skrive ei rekkje essay og artiklar om kultur, samfunn og kunst.
Iberg har vunne Prix Italia, Spellemannprisen, Musikkforleggjarprisen og Årets verk - og han har vorte nominert tre gonger til Edvard-prisen.
Som jazzpianist har han gjort samarbeidsprosjekt med mellom andre Bendik Hofseth, Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær
______________
Plassbillettar: Ja
KabusoVen: Ja, 20% rabatt
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte