Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Kjetil A. Mulelid - piano
Rune Nergaard - kontrabass
Andreas Winther - trommer
Dersom me skal tru tonegivande medium som The Wire, Jazzwise, France Musique og store norske publikasjonar som Dagens Næringsliv og Morgenbladet, blir Kjetil Mulelid Trio rekna som “det fremste innan moderne jazz”, “ein av Europas fremste pianotrioar” og ei gruppe som “formar eliten av moderne pianotrioar.”
I samband med den nyaste albumutgjevinga deira i februar 2025, skildra All About Jazz lydbiletet deira som “simply beautiful and beautifully simple”, medan Jazz Journal kalla trioen “One of the finest post-Bley/Jarrett piano trios at work today.” Norske Dagsavisen skreiv at musikken var "melodisk, melankolsk og enormt vakker", medan nederlandske Written in Music rett og slett skreiv at trioen var “one hell of a piano trio”.
Sidan debuten i 2017 har Kjetil Mulelid Trio styrka si stilling som ein av Noregs fremste pianotrioar, med eit sterkt internasjonalt nedslagsfelt. Dei har spela for fulle hus på festivalar som Vancouver og Ottawa Jazz Festival, så vel som på anerkjende jazzklubbar som Unterfahrt i München, PizzaExpress i London, HCP i Lisboa og B-flat i Tokyo.
Trioen består av nokre av Noregs mest spennande unge jazzmusikarar, alle aktive i andre profilerte prosjekt – mellom anna Spellemannpris-vinnarane Morgonrode og dei nominerte Wako.
I trioformatet er fokuset likevel reindyrka: ein akustisk pianotrio med hovudvekt på Mulelids fengslande komposisjonar, som balanserer energisk, rytmisk kompleks og harmonisk rik musikk med vakre, stemningsfulle melodiar.
Sjølv om trioen vidarefører det rolege, utfaldande og atmosfæriske lydbiletet ein gjerne forbinder med skandinavisk jazz, tilfører Mulelid, saman med bassist Rune Nergaard og trommeslagar Andreas Winther, ein klangrikdom og djupn basert på kollektiv improvisasjon og musikalske referansar frå kvart medlems unike erfaringar.