Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Pianist og formidlar Ketil Bjørnstad vender tilbake til Kabuso med nytt materiale – tysdag 16. september kl 19!
Bjørnstad er utdanna konsertpianist, er ein aktiv plateartist og ein av våre mest produktive og leste forfattarar.
Han kom med nytt solo piano-album våren 2025:
Bjørnstad gjev oss pianomusikk for skumringa på albumet Evening Song – Aftensang.
Prosjektet starta med at Bjørnstad vart kontakta av organist og dirigent Svein Rustad, som ynskte at han skulle komponera «Aftensanger» for han –
med utgangspunkt i fleire dikt henta frå samlinga Båt på fjorden (Aschehoug 2021).
Pianostykka er inspirerte av lys, og tek oss tilbake til naturens rike. Dei stadane Bjørnstad har gått, site og sansa i ei årrekke – som aldri vil vera identiske.
Sjølv om stadane er dei same, forandrar dei alltid stemning og lys. Vi er fortsatt i ein prosess, som i livet sjølv.
Ketil Bjørnstad fortel:
– I «Evening Song» er jeg tilbake i intimrommet, alene med flygelet, med alle sine muligheter, hvor alle overtoner spiller en rolle. Klang, rytme, melodi og improvisasjon. Det har i alle år vært mitt livsprosjekt. Og jeg er heldig, som har å mange inspirerende og proffe folk rundt meg. De betyr svært mye, også i skaperprosessen.