page view image

Strømmen & Bukve

Glad i dikt og musikk? Fredag 25. oktober kl 20 kan du få begge delar med Strømmen & Bukve med band.

Information
event image

Øyvind Strømmen – lesing
Sveinung Bukve – gitar
Lars Hammersland – piano/synth
Anja Bere – vokal

Sveinung Bukve (Vöödöö, Secret Treehouse, Love Rock, Bukve) er gitarist og låtskribent i prosjektet.
Øyvind Strømmen er meir kjend som journalist og sakprosaforfattar, mellom anna av boka Giftpillen, som i 2021 vart peikt på som ei av årets beste sakprosabøker i både Bergens Tidende og Dagens Næringsliv.
 Heilt sidan ungdomsåra har dei to samarbeida i skjeringspunktet mellom lyrikk og musikk, og med albumet Mine to auge tek dei for alvor samarbeidet ut i ei breiare offentlegheit.

Til det har dei fått god hjelp frå pianist Lars Hammersland (mellom anna kjent for sitt samarbeid med Helge Jordal og Berit Håpoldøy), vokalist Anja Bere (Secret Treehouse). 

20. oktober gjev Strømmen og Bukve ut sitt fyrste album, Mine to auge.

Gjennom albumet søker Strømmen og Bukve å utforska tvisynet: mellom ord og musikk, mellom det mørke og det ljose, mellom depresjon og von, alvor og leik, kjærleik og sakn, men også mellom det lyrisk banale og det djupare metaforiske.
Musikken tek utgangspunkt både i Strømmen sine eigne dikt og i gjendiktingar, mellom anna frå afrikaans, og den sørafrikanske diktaren Eugene Marais (1871 – 1936).
Ved å ta i bruk Marais sine tekstar stiller Strømmen og Bukve også spørsmål ved kva som skjer når ein riv lyrikk ut av ein geografisk samanheng og set den inn i ein heilt annan.
 

Strømmen og Bukve har tidlegare gjeve ut singlane Empusa, Hanen og Mine to auge (tittelsporet på albumet). 

 

>> Sjekk nettstaden for Strømmen & Bukve

________

  • Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
  • Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst
  • Huset opnar 1 t før arrangement
kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger dikt poesi musikk konsert

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte