page view image

Folk: Økland & Apeland

Evenemangsinformation
event image

Sundag 26. mars kl 18

Merk ny dato!
Konserten har vorte flytta frå tidlegare dato i mars


_______________

NILS ØKLAND fiolin, hardingfele
SIGBJØRN APELAND trøorgel


Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.

Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.

kabuso kunsthusetkabuso hardangerogvossmuseum øystese kvam hardanger fiolin hardingfele trøorgel

Restriktioner

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte