page view image

Mjuk jazz: Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid

Sundag 14. april kl 18 er Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid klare for å gje deg ei mjuk jazzoppleving.

Information
event image

Siril Malmedal Hauge – vokal
 Kjetil Mulelid
– piano

Hauge og Mulelid har verkeleg etablert seg i det norske musikkmiljøet dei siste åra. Med aktiv turnéring, Spellemann-nominasjon og lovprisa
albumutgjevingar fra verdsomspennande presse kvar for seg, har dei vist seg som ei sikker stemme for det 21. århundret i norsk musikkliv.
Hauge har markert seg med eigne utgjevingar, prisar frå Japan, nominasjon til Independent Music Award i New York og turnéar i store delar av verda – som Europa, Japan og Sør-Korea.
Mulelid har på si side gitt ut fleire album med egen pianotrio, som soloartist og med kvartetten Wako. Dette har ført til hundrevis konsertar i Europa og Japan, og millionar av avspelingar verda over.

No er Hauge og Mulelid saman som duo og byr på ei blanding av originale låtar og nye versjonar av kjente coverlåtar.
Musikken ber preg av Hauge si klare og uttrykksfulle stemme og Mulelid sitt finurlege pianospel. Dette er musikk i eit iøyrefallande landskap, men med ein god dose motstand og  overraskingar som tar lyttaren med inn i deira musikalske univers.

I 2023 kom debutplata deira Blues and Bells som fekk strålande anmeldingar frå presse i inn- og utland.


________

  • Til KabusoVener: For denne konserten kan du nytta gje-bort-billetten din for å ha med ein ven. Skriv inn koden du har mottatt i kode-feltet
  • Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger jazz

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte