Tønes duo

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

U T S E  L D !

Ein laurdagskveld med Tønes duo – aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 – for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt.

Det er ei god stund sidan Tønes og Erlend Aasland stod på same scene, men no vert duoen endeleg foreina igjen.
Frank Tønes Tønnesen kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for dei finurlege og insiktsfulle dialekt-tekstane sine om smått og stort. I løpet av haustens turne kan det henda ein blir introdusert for nokre nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Tønes.
Tønes har gitt ut 8 album, 4 EP-ar og skrive ei bok. Han har vunne Prøysenrpisen, Dialektprisen og 4 Spellemannsprisar (vise/tekstforfattar).

Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistra eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukka opp i haust. Sannsynlegvis ikkje han sjølv ein gong.

Velkomen til ein uforgløymeleg kveld i Kabuso! 

Foto: Jan Ansgar Omdahl

>>> Sjå fleire arrangement på kabuso.no 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

øystese
hardanger
kabuso
hardangerogvossmuseum
kunsthus
tønes
erlendaasland
Organizer
Kunsthuset Kabuso