Oscar Danielson

Mmm, for ein finfin laurdagskveld det blir! Kabuso har invitert Oscar Danielson til å halda konsert 8. februar kl 19.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 8 feb 2025 19:00

Slutter lørdag 8 feb 2025 20:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

event image

Arrangementsinformasjon

Danielson (vokal/gitar) er sin eigen sjanger og vert av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar.
Etter albumet Stockholm i mitt hjärta (2011) med låta Besvärjelse har han fått eit stadig større publikum – og turnert flittig i heile Skandinavia.

I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum – og det er langt mellom dei gongane 9000 mennesker er så intenst lyttande som då.
Kort tid etter opptredde han på NRK-programmet Lindmo og igjen både begeistret og fascinerte låtuniverset til Danielson det norske folk.

No kjem den Stockholm-fødde 52-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner.
Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som kjenneteiknar musikaren.Eva Weel Skram har elles gjort ein versjon av låta Besvärjelse med norsk tekst; Vi Lovar.

Bill 325,- (sjå lenke)
Billettslepp: Fredag 25. oktober kl 9



Setereservasjon: Ja
Huset opnar kl 18, open bar/kafe

________

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
Organizer
Kunsthuset Kabuso
Bestill