© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Ta med ungane for eit energisk treff og god musikalsk barneoppdraging.
Stig Lundblad-Sandbakk: vokal og gitar
Roald Kaldestad: sologitar og kor
Roy Ole Førland: bass
I denne forrykande familieforestillinga får me eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.
Me er i øvingsrommet til eit band som ønsker å spela tøff heavy-musikk. Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gang med øvinga når publikum kjem.
Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet.
Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting i hovudet når han endeleg dukkar opp.Førestillinga er sett opp i samband med Siderfestivalen i Øystese og kan gjerne kombinerast med torghandel/kafe/Vestlandsutstillingen etc.
Illustrasjon: Ella K. Okstad