Emmeluth´s Ameoba

page view image
Arrangementsdato

søndag 10 mar 2024 18:00

Slutter søndag 10 mar 2024 19:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Barn (under 16 år)
Med ledsagarbevis
Pakke med Simon Toldam trio
Billetten gjeld for både Emmeluth´s Amoeba og Simon Toldam trio 7. april. 20% rabatt
Vaksen
Med KabusoVen
20% rabatt
event image

Arrangementsinformasjon

Jazz opp sundagen din med Emmeluth´s Amoeba, 10. mars kl 18!

SIGNE EMMELUTH saksofon
KARL BJORÅ gitar
OLE MOFJELL trommer
CHRISTIAN BALVIG piano

Emmeluth’s Amoeba er ein banebrytande dansk-norsk kvartett bestående av fire av dei mest spennande musikarane på den skandinaviske scenen i dag.
Gruppa har turnert omfattande sidan 2017, noko som har resultert i konsertar på København Jazz Festival, Nattjazz og Summer Bummer Festival for å nemna nokre få.
Med sin kreative musikk, som rører seg mellom inspirasjon frå frijazz og musikalske idéar frå kammermusikken, er Emmeluth’s Amoeba eit band med tydeleg signatur.

Pianist Christian Balvig har markert seg som musikar og bandleiar med sin eigen trio og den danske supergruppa Efterklang, samt som komponist for store orkester som for eksempel København Symfoniorkester.
Gitarist Karl Bjorå er ei sterk stemme på scenen for improvisert musikk og har gitt ut fleire plater og turnert hyppig med band som Megalodon Collective, Yes Deer og Karl Bjorås Aperture over fleire år.
Trommeslager Ole Mofjell er som ei naturkraft å rekna, gjennom samarbeid med Thurston Moore og turnering med ECM-legenda Jon Balke og den alltid eksplosive og energiske Hedvig Mollestad.

Bandleiar og komponist Signe Emmeluth har på si side gjort seg tydeleg bemerket på jazzscenen dei siste fem åra, saman med bla. Skarbø Skulekorps, Trondheim Jazzorkester, Mats Gustafsson, Kresten Osgood og Ole Morten Vågan i supergruppa Konge. I tillegg er ho nytt, fast medlem i Gard Nilssen’s Supersonic Orchestra og mottok det prestisjefylte Jazztipendiatet fra Moldejazz i 2020/2021, som resulterte i bestillingsverket «Physicality in/emotion» saman med Trondheim Jazzorkester.

«Saksofonist og komponist Signe Emmeluth er eit av dei mest interessante unge talenta i skandinavisk jazz idag.» – Jazznytt, Olav Opsvik.

Foto: Christina Marx, Photomusix

_________

  • Til KabusoVener: For denne konserten kan du nytta gje-bort-billetten din for å ha med ein ven. Skriv inn koden du har mottatt i kode-feltet
  • Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
jazz
Organizer
Kunsthuset Kabuso