Telehiv
ØYVIND SKARBØ trommer
BENEDICTE MAURSETH hardingfele
HÅVARD AUFLES synth
MARTIN MYHRE OLSEN saksofonar
JOEL RING cello
OLA HØYER kontrabas

Aldri kvilande Øyvind Skarbø har vore ein premissleverandør i vestlandsk musikkliv ei god stund, like heime i sær impro som i groovy James Brown.
Undervegs har han stilt opp med Skarbø Skulekorps, Bly de Blyant, BMX, 1982, Crab is Crap og Håkon Kornstad for å nemna nokon, men ein million jern i ilden er ikkje nok. På Nattjazz i 2024 debuterte eit splitter nytt prosjekt, nemleg Telehiv.
Denne gongen med eit meir akustisk preg, og eit ønskje om å samla musikarar som aldri – eller berre så vidt – hadde spelt saman før. Ny musikk der nøye utvalde medlemar får fridomen til å setja personleg stempel på komposisjonane.
I bandet finn vi mellom anna Benedicte Maurseth – ei av våre fremste felespelarar med solokarriere på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim.
Martin Myhre Olsen har vunne Spellemann med Hegge, turnert med Chick Corea og er elles å sjå med Mathias Eick, Megalodon Collective og Hedvig Mollestad, medan Ola Høyer er henta inn frå Cortex. Joel Ring og Håvard Aufles er to av Noregs mest interessante unge musikarar, med bakgrunn fra mellom anna Trondheim Jazzorkester/Gurls, og Joel and the Neverending Sextet.
Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst
________
- Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte