Sudan Dudan

Arrangementsinformasjon

Det blir herleg gjenhøyr med Sudan Dudan i Kabuso torsdag 29. oktober kl 19!

Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe

Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal: Dette er suksessoppskrifta til duoen Sudan Dudan!

Anders Røine og Marit Karlberg fekk mykje merksemd og ein stor tilhengjarskare med det kritikarroste albumet Inntil idag (2013). Med den etterlengta (og Folkelarmpris-vinnande) oppfølgaren Heimen der ute gjekk duoen tilbake til røtene, og spelte inn musikken i ei fjellkyrkje i Telemark.


Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
vokal
langeleik
gitar
munnharpe
hardangerogvossmuseum

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte