Sigrid Moldestad band

Arrangementsinformasjon

Sigrid Moldestad og det framifrå bandet hennar inntek scenen i Kabuso laurdag 16. oktober!

Sigbjørn Apeland: trøorgel, rhodes, piano
Jørgen Sandvik: gitarar, banjo, mandolin
Anders Bitustøyl: bass
Kåre Opheim: trommer
Roald Kaldestad: gitarar, mandolin

Sigrid Moldestad er norsk folkemusikar, sangar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar. Ho vart kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus”som ho fekk Spellemannsprisen for.  Albumet henta musikk og inspirasjon frå 150 år gamle historier om dei mange kvinnene som spelte fele i Nordfjord, der ho vaks opp. Eit tema ho har jobba med i ulike uttrykk, både på scene, plate og konsertar. Songen “Samuline” vart kåra til årets låt i NRK Sogn og Fjordane i 2007 og var dedikert ei av desse spelkvinnene Samuline Seljeset (1804-1872).

Ho har gitt ut 6 soloalbum. Ho skriv tekstar sjølv, men har også tonesett diktarar som t.d Jakob Sande (“Eg ser inn i augo dine”), Tove Ditlevsen “ Så tag mitt hjerte”) og ikkje minst plata “Brevet til kjærleiken” med 11 dikt av Jan-Magnus Bruheim. Denne plata vart kåra til årets album uansett genre i NRK P1, “Norsk på Norsk”. Ho har samarbeidd med produsentane Yngve Leidulv Sætre, Kato Ådland og Morten Skage om platene ho har gitt ut.

Bandet ho spelar med har vore stabilt gjennom fleire år og ho og bandet er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredenar. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar. Musikken hennar kjennest grenselaus og har teke til seg impulsar frå ulike genrar. Ho har også hatt sterke samarbeid med kammerorkesteret Ensemble Allegria og KORK, i tillegg til fast gjesteopptreden i Linda Eide sitt “Melodi Grand Jazz”.



kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
vokal
gitar
fele
mandolin
banjo
piano
orgel
bass
tromer