POP POP - Hyllest til Rickie Lee Jones

Arrangementsinformasjon

Det er ei sann fryd å høyra Emilie Storaas synga. Det lyder naturleg, uanstrengt og vakkert. 
Nyleg flytta ho til Bergen, og her har ho funne mange nye, musikalske leikekameratar. Saman med tre av dei har ho satt opp eit hyllest-band til legendariske Rickie Lee Jones. Med seg har ho ein av landets fremste trekkspel-virtuoser og to eminente strengespelarar.

POP POP med:
Emilie Storaas - vokal
Heine Bugge - trekkspill
Ugo Santangelo - gitar
Edvard Mjanger - bass

Sant å sei har me aldri høyrt dei saman før, så me er litt usikre på kva me skal skriva. Det finnast inga opptak og dei har heller aldri spelt konsertar med dette prosjektet. Men me har klokketru på denna gjengen som har gitt oss så mange fine opplevingar i andre samanhengar. Me kunne naturlegvis ramsa opp musikarane sin bakgrunn og andre band dei speler i, men ber dykk heller stola på oss for denne gong. Her er det ingenting å være redd for, berre fin musikk med fine folk. Kom og høyr sjølv!

Turneen er ein del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40  konsertar i året. Sidan oppstarten har nærmere 170 musikarar  vært med. I all hovudsak musikarar busett på Vestlandet. Til saman har desse besøkt omlag 50 arrangørar i vår region.

Les meir om konsertar og arrangement i Kabuso her!

hyllest
song
trekkspill
gitar
bass

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte