page view image

Pop: Ingebjørg Bratland

Arrangementsinformasjon
event image

Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår!

Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie godt kjend for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne.
Karriera hennar starta i ung alder i folkemusikkmiljøet. Sidan orientert seg meir mot popverda og låtane hennar har fått eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg.
Ingebjørg har dei seinare åra vore særs aktiv på konsertfronten og har turnert med prosjekt som albuma Månesinn (2015), Hjarteskjell (2017), Papirfly (2020) i tillegg til fleire juleprosjekt.

Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i musikkvala sine. Det viser godt igjen i hennar mest kjende låtar, som er ei blanding av hennar eigne og tolkingar av andre sine låtar. Med songar som m.a. Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene med Lars Vaular, Vintersong, Bror og Di Ingebjørg har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Live er ho ein fabelaktig formidlar og ein konsert med Ingebjørg byr alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar.

kabuso kunsthusetkabuso hardangerogvossmuseum øystese kvam hardanger pop

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte