page view image

Påskemåne Ønskesol

Arrangementsinformasjon
event image

Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol - basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14!

Den som får sjå sola danse på påskemorgonen kan ynskje seg noko!
Påskemåe Ønskesol er ei leken og vakker førestilling for barn frå 4-10 år og familiane deira. Sysken, foreldre og ikkje minst besteforeldre er varmt velkomne.

Langt nord i Svartdalen bur Vesle-Live og pappa. Oldemor Gammel-Live bur i kårstova ute på tunet. Men ein dag skjer det noko, og Vesle-Live får eit viktig oppdrag.

Thea Borring Lande fortel og spelar Vesle-Live, medan Jo Berger Myhre toneset førestillinga. Med enkle verkemidlar av høg kvalitet fortel dei ei stor, lita historie, ramma inn av  års- og livssyklusane til livet og naturen, på borna sine premissar. Marte Magnusdotter Solem har regissert førestillinga med eit klokt blikk – med mykje glimt i auga og kjærleik til menneska.


Om utøvarane:

Skodespelar Thea Borring Lande har spelt store roller på fleire av dei største scenane i landet, men det ho elskar aller mest, er å spela i små rom med akkurat passe mange menneske i. For her møtest me på ordentleg! Ho brenn for å gje publikum gode teateropplevingar med plass til både latter og kanskje ei lita tåre i augekroken.
Bassist og komponist Jo Berger Myhre har i årevis spelt i band med store artistar innan både popmusikk og jazz, som Frida Ånnevik, Nils Petter Molvær og Ingrid Olava.
Som teatermusikar fyller han rommet og forteljinga med klangar og melodiar som får oss til å lytte endå betre.


Medverkande:

Thea Borring Lande - skodespelar, kunstnerisk leiar
Jo Berger Myhre - musikar på scenen, komponist

Marte Magnusdotter Solem - regi
Anngjerd Rustand - scenografi
Hedda Simonsen Lund – kostymedesign
Sigrid Edvardsson - koreografi
Gunnbjørg Johannessen - produsent
Lone Klein - inspisient
Akin Duzakin - Illustrasjon
Marte Vold - foto/video


Førestillinga er støtta av:
Norsk kulturfond, Spenn.no, Fond for lyd og bilde, Det norske komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Kloden Teater, Bergesenstiftelsen og Nesodden kommune.



>>> Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger hardangerogvossmuseum barn familie

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte