Utsett: Morgon - Vokalkonsert i Hardanger Skyspace

Arrangementsinformasjon

Unike opplevingar i lysverket Hardanger Skyspace!
Gå ikkje glipp av framføringa av to spesialskrivne komposisjonar i lysverket av James Turrell - framførte ved demring og skumring.

Vokal: Kristin Bolstad, Eira Huse og Linnéa Sundfær Casserley
Komponist: Kristin Bolstad

Dei to konsertane er: 
Tysdag 21. desember kl 08.30: Verket MORGON
Laurdag 21. desember kl 15.30: Verket KVELD


MORGON og KVELD er komponert spesielt for James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace. Verka er del av serien med spesialskrivne komposisjonar for James Turrell sine lysverk. Utøvarane har tidlegare framført Sound/In Light for Ganzfeld: Double Vision i Ekebergparken gjennom dei siste tre åra, og no er turen komen til Hardanger Skyspace.

Verka tek utgangspunkt i stilla og det meditative ved Skyspace, og det å sitja under den innramma himmelen gjennom skumring og demring medan ein er omslutta av ulikt farga lys som langsamt endrar persepsjonen av himmelen. MORGON og KVELD søkjer ei liknande form for gradvis og umerkeleg endring, gjennom nesten uhøyrlege klangar og bølger av lyd som freistar viska ut skilja mellom sansane. MORGON og KVELD reflekterer over dagen som kjem og dagen som har vore, som eit punkt av stillstand i spennet mellom det evige og det som skal forgå, og med ein tilstand av fokusert ro og kvile.

Varigheit: Ca 60 min

NB! Avgrensa antal plassar - kun 18 billettar i sal pr konsert


vokal
vokalensemble
lysverk
hardangerskyspace
kabuso
øystese
kvam
hardanger