Labyrinter!

Arrangementsinformasjon

Labyrinter!
André Bjerke sine rim & reglar - ein teaterkonsert med Karoline Krüger & fru Nitters Rytmeorkester.
Musikantane kjem!

Dei alle fleste vaksne har i løpet av sin barndom støtt på lyrikaren Andre Bjerke sine barnedikt: fortellingar om Faraoer på ferier og tilsvarande Pyramidebyggarar - fru Nitters Datter og andre tungebrekkande historiar.
Vittige og viltre leikar med alfabetet som byggeklossar. I dei same barnedikt-samlingane finn ein også dikt med alvorlegare klang; om fuglen Pampistiko Pampibanon, som sørger fordi den ikkje finnest - om fløytisten som bles så hardt i si fløyte at tonen nektar å komme ut....


Idé og musikk: Karoline Krüger
Medverkande: Sjur Hjeltnes (piano), Eline Sundal (cello) Snorre Bjerck (perk) og Karoline Krüger (trekkspel & vokal)
Varigheit: 45 min

Høver for 5 - 12 år og vaksne i alle aldrar!


Les meir om konsertar- og arrangement i Kabuso denne vinteren!






song
musikk
forestilling
rytmer
orkester
dikt

Restriksjoner

Kabusokort 2018 visast ved inngang (20 % rabatt)

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte