Kunstbar: Modeller med leire

Arrangementsinformasjon

Hald av torsdag 22. oktober for modellering med leire i Kabuso!

Som tidlegare byr kvelden på noko godt i glaset, teikning og uhøgtideleg stemning. I samband med den aktuelle aktiviteten Verkstad på huset inviterar fagleg leiar Sissel Lillebostad til ein slags vri på Drink&Draw; men denne gongen er det bygging som gjeld. Teikneblyantar vert bytt ut med lim, arkitektpapp, maling, leire etc. Du kan anten modellera med utgangspunkt i utstillingsrommet i Ingebrigt Vik museum - eller etter heilt eigne idéar.

Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg.


Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein møtestad for deg og meg

Bill kr 150,- inkl. valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc


Les meir om konsertar og arrangement i Kabuso på www.kabuso.no 

kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
verkstad
aktivitet
øystese
kvam
hardanger

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.