page view image

Klassisk: Ørjan Hartveit & Torgeir Kinne Solsvik

I samband med lanseringa av albumet Beyond the Horizon | Fauré | Songs  inviterer Kabuso til konsert med dei to hardangermusikarane.

Informasjon
event image

Ørjan Hartveit - baryton
Torgeir Kinne Solsvik - piano


Ørjan Hartveit og Torgeir Kinne Solsvik presenterar utdrag frå det nye albumet, samt verk av Camille Saint-Saëns, Maurice Ravel og Nadia Boulanger.
Dette er komponistar som anten var påvirka av eller lot seg influera av Fauré - ein av Frankrikes mest sentrale komponistar i brytningstida mellom romantikken og modernismen.

Baryton Ørjan Hartveit er fødd og oppvaksen i Odda og utdanna i London. Han har vore solist med blant anna Bergen Filharmoniske Orkester, Barokkanerne, BIT20, Copenhagen Soloists og Drottningholms Barockensemble - og har gitt ei rekkje recitalar både i USA og Europa. Hartveit er i tillegg fast tilknytt det internasjonalt anerkjende Edvard Grieg vokalensemble, med base i Bergen.

Pianist Torgeir Kinne Solsvik frå Norheimsund har spesialisert seg på akkompagnement av songarar og instrumentalister - og har over 10 album-utgjevingar bak seg.
Han har gjort konsertar med songarar i Tyskland, Austerrike, Kina, Sri Lanka, USA og Russland.

Hartveit og Solsvik spelt ei rekkje konsertar saman på Vestlandet dei siste 15 åra og i 2010 gav dei ut albumet Geirr Tveitt – Piano Works and Songs.

Utgjevinga Beyond the Horizon | Fauré | Songs er gjort mogleg med støtte frå kunstnarorganisasjonen Harding Puls


________

Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst

________

kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger klassisk faure

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte