page view image

Kakaokonsert oktober

Informasjon
event image

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 19. oktober kl 13!

Kvam kulturskule byr inn til konsert i Kabuso - for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert - kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

 

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset (ope kl 11-16) - sjølvsagt med m.a. herleg kakao på menyen.  

Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

kabuso kunsthusetkabuso hardangerogvossmuseum øystese kvam hardanger kakaokonsert kvamkulturskule