page view image

Kakaokonsert april -24

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 20. april kl 13!

Informasjon
event image

Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert - kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset - sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.

  • Billettar: 50,- (born/vaksen)
    Merk at det kan verta sal av restbillettar i døra. Men Kakaokonsertane vert ofte utselde, så sikra deg gjerne plass tidleg.
  • NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

kabuso kunsthusetkabuso hardangerogvossmuseum øystese kvam hardanger kakaokonsert kvamkulturskule