Kakaokonsert

Arrangementsinformasjon

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 24. oktober kl 13!

To gongar dette i løpet av hausten 2020 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

Andre aktuelle kakaokonsertar hausten 2020:
Laurdag 5. desember kl 13

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.

Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso



øystese
hardanger
kabuso
hardangerogvossmuseum
kunsthus
kvam
kakaokonsert
kulturskule

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte