page view image

Kakaokonsert mars

Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 8. mars kl 13!

Informasjon
event image

Fire gongar i året byr Kvam kulturskule inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!

Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.

Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte

Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

___

Om billettkategoriar:
Etter konserten (kl 14.30) kan du oppleva den unge danseførestillinga Thrash Mob i utstillingsalen/kafeen. Det er difor lagt til billettkategoriar som gjev adgang til utstillinga inkl. førestillinga

Born under 16 år går gratis i utstillinga/førestillinga i følge med vaksen.   

kabuso kunsthusetkabuso hardangerogvossmuseum øystese kvam hardanger kakaokonsert kvamkulturskule