page view image

Jazz: Tore Brunborg trio

Informasjon
event image

Fredagskveld, vintermørke og deilig jazz: Kabuso byr på Tore Brunborg trio 6. desember kl 19!

TORE BRUNBORG saksofon
BÁRÐUR REINERT POULSEN bass
VESLEMØY NARVESEN trommer

Vossingen Tore Brunborg har vore ein sentral skikkelse i norsk jazz sidan 80-talet. Brunborg var mellom anna med å starta det sentrale bandet Masqualero, som til saman vann tre Spellemannsprisar.
Gjennom karrieren har han også gitt ut ei rekkje plater under eige namn og vore involvert i fleire store bestillingsverk.
Dei seinere åra har han m.a. gjort seg bemerka i samspel med artistar som Manu Katche, Pat Metheny, Tord Gustavsen og Mats Eilertsen – og med turnéar på dei fleste kontinent.

No er saksofonisten tilbake med ein heilt ny trio med to sterke stemmer frå den yngre generasjonen av norske jazzmusikarar.
Saman spelar dei musikk basert på Brunborg sine komposisjonar.
I møte med Veslemøy Narvesen sitt leikne trommespel og Bárður Reinert Poulsens sin luftige og solide bass, tar musikken mange ulike retningar:
Han er både underfundig, mystisk, drivende og kokende.

________

Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst

________

kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger jazz brunborg

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte