Jazz - Shakai
Musikken det bergensbaserte bandet Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på ei reise i sitt eige lille univers.

ELINE RAFTESETH kontrabass
GABRIELA GARRUBO vokal
KENNETH KAPSTAD trommer
SIMEN WALLE gitar
ELISABETH LID TRØEN saksofon
Bandet Shakai vart starta av bassist Eline Rafteseth i 2015, saman med medstudentar frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen.
Våren 2016 var Shakai eit av fire band som deltok på turneen Framtida i Norsk Jazz og spelte same år på den aller første Vill Vill Vest.
I 2018 slapp Shakai si første plate, Skittles, som vart spelt inn og produsert av Jørgen Træen i Duper Studio.
Bandet har spelt ei rekkje konsertar i Bergen og på festivalar som Maijazz, Jazzintro, 100 dagar- festivalen og Fjellparkfestivalen.
Etter fleire års pause har kvintetten no gitt ut oppfølgaren til det kritikarroste debutalbumet.
Andre-plata heiter Fragments. Også den har blitt tatt godt imot, blant anna på nettstaden Progressive Rock Central:
«I absolutely salute and recommend Shakai’s Fragments, to anyone! Yes, this is jazzy, but it is jazzy rock with some wonderful beats, and some of the best saxophone you have probably heard in a long while. There is a soft, breezy, “The Girl from Ipanema”, feel to this entire album. Every track is a hit and there is no room for errors. Go out and buy this album of Fragments, and enjoy this masterpiece of jazz-rock nightly, while you are having dinner. So happy I gave this album a chance. Now it is your turn.»
Musikken det Bergensbaserte bandet Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på ei reise i sitt eige lille univers. Musikken blir til litt som eit bakverk utan oppskrift; dei smakar seg fram, plukkar ingrediensar frå øvste hylle og har størst fokus på humor og hygge, noko som speglar bandet på scena.
________
Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst
________
- Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte