Hildo med Berit Opheim & co

Arrangementsinformasjon

Berit Opheim (vokal) 
Tore Brunborg (saksofon)
Stein Urheim (strengar)
Steinar Raknes (bass)
Kåre Opheim (trommer)


«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokka på havsens botn den dag i dag. 


Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

Hildo vart nominert til Musikkritikerprisen 2018 og kom ut i plateform november 2019 til strålende a. M.a. gav Petter Lønningen i Bergens Tidende terningkast 6, omtalte albumet magisk og plasserte det som eit av årets beste album.


I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen



Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

folketonar
kabuso
øystese

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte