Heidi Lambach - Hjerter Som Vil

Arrangementsinformasjon
                                    

HEIDI LAMBACH vokal, fløyte, piano 
OLE MARIUS SANDBERG kontrabass 
THOMAS DAHL gitarer  

Den bergensbaserte artisten Heidi Lambach er klar med lansering av sitt nyaste album «Hjerter Som Vil». Med seg har ho eminente jazz- og popmusikarar frå det vidkjende Voksne Herrers Orkester.

Her får du høyra vakre, nye viser med tekst og formidling og delikat musikalitet i sentrum, ispedd ein god dose inspirasjon frå folk, jazz og pop.

Heidi har dei siste åra etablert seg som ein varm, ekte og nær formidlar, med gode tekstar og fengande melodiar som løftar og inspirerer eit lyttande publikum. Ho har turnert i store delar av Sør- Noreg både som soloartist og i diverse konstellasjonar. I tillegg til den nye musikken, lovar hun leikande, levande og nære versjonar av fleire klassiske jazzballader denne haustkvelden i september.

Varigheit: Kl 19-20.30 inkludert pause

Konserten er støtta av Kulturrådet ved Norsk Kulturfond, Fond For Utøvende Kunstnere og Bergen Kommune.

Alle innehavarar av ledsagarbevis for funksjonshemma får gratis billett for sin ledsager (må bestillast)



kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
vokal
gitar
piano