Haugtussa Esmeralda

Arrangementsinformasjon

Laurdag 23. oktober kl 18 kan du ta i mot eit musikalsk postkort som hyllar kjærleiken – frå songar Laila Thortvedt og pianist Mariam Kharatyan!

Mellom Arne Garborg sine romantiske tekstar til det sterke uttrykket i Notre Dame de Paris av Victor Hugo er kontrastane mange. Men det universelle temaet kjærleik har dei til felles.
Det naturskjønne hos Veslemøy i Haugtussa og det sensuelle hos Esmeralda av Victor Hugo, tar kjærleiken til dei store høgdene saman med situasjonane dei kjem frå.
Edvard Grieg sin intense musikk, nasjonalromantikken sin musikalske far, blandar seg perfekt med hans samtidige:
Verdi, Fauré, Donizetti og Louise Bertin. Alle har dei skrive musikk til Victor Hugo sine historiar og dikt.


Laila Thortvedt – sopran
Mariam Kharatyan – piano
Bénedicte Charpentier – regi


Program:
Haugtussa av Arne Garborg
Poesi og romanar av Victor Hugo

  • Det syng – Veslemøy høyrer trolla synga. Det er her ho ”får” sin skjebne og akspeterar at ho er synsk. Ho blir ikkje berre Veslemøy, men også Haugtussa.
    Blåbærli – Veslemøy plukkar blåbær og drøymer seg vekk når ho tenkjer på kjærasten, samtidig er ho også litt redd for bjørnen, ulven og det underjordiske.
    Veslemøy – Kjærleiken gjer sin inntreden i Veslemøy sitt liv når ho møter Jon, på ein tur i fjellet. 
  • Mai – Gabriel Fauré. Melodi inspirert av Victor Hugo si diktsamling « Sanger fra skumringen – Les Chants du crépuscule », 
  • Møte – Det lidenskaplege møtet mellom Veslemøy og Jon.
    Elsk – Veslemøy er oppover øyra forelska. Forelskinga og livsgleda vert sterkt uttrykt. 
  • Tutte le feste al tempio, Gildas arie, fra operaen Rigoletto – Guiseppe Verdi. Inspirert av romanen « Kongen morer seg». Gilda si naive kjærleikserklæring til Hertugen som later som han er en ung student med navnet Gualtier Maldè 
  • Rêve d’Amour – Gabriel Fauré
    Melodiar inspirerte av Victor Hugo si diktsamling «Sanger fra skumringen – Les Chants du crépuscule»
  • Killingdans –Edvard Grieg
    Dans les ruines d’une abbaye – Gabriel Fauré. Melodi inspirert av Victor Hugo si diktsamling «Sanger fra gatene og skogene – Chansons des rues et des bois»
    Ernani!… Ernani, involami, l’air d’Elvira, dans l’opéra Ernani – Guiseppe Verdi. Inspirert av Victor Hugo sin roman Hernani. Elvira vert vonlaus når ho ikkje får vera i fred og drøyma om sin utkåra Ernani. 
  • Vond dag – Veslemøy ventar kjæresten sin som aldri kjem. Veslemøy er berre ei gjetarjente, mens Jon er lova bort til ei storgårdsdotter. 
  • Romance, Esmeraldas arie, frå operaen La Esméralda – Louise Bertin
    Komponisten er ein ven av Victor Hugo og ho er den einaste han aksepterar å skriva ein libretto til. Franz Liszt skriv pianoreduksjonen.
    Esmeraldas romanse skildrar misforståinga når presten Frollo anklagar henne for drapet på Phoebus. Ho mister sin kjære.  
  • La Cloche – Camille Saint-Saëns. Den franske kjærleikens ensemd.  
  • La Chanson de Solveig – Extrait de Peer Gynt – Edvard Grieg. Solveig ventar på Peer Gynt, sin utvalde. Ho finn ro, ho håpar, ho trur.  


Arr: Utøvarane og Kabuso
KabusoVen gjeld ikkje for dette arrangementet

kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
vokal
gitar
piano
victor hugo
edvardgrieg