GAMALTNYMALT : Moldestad / Mjølsnes / Høgemo

Arrangementsinformasjon

Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår - og du kan oppleva dei i Kabuso laurdag 10. april kl 19!

Trioen som hadde sin oppvekst  på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane,  er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første (og til no, einaste) plate.


Dei er alle veletablerte musikarar:
Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange.
Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere.
Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.



Meir om konsertar og arrangement i Kabuso finn du her!

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam