Fretless Five

Arrangementsinformasjon

Torsdag 22. mars kl 19.30 kan du lada opp til påske med øystesebassisten Martin Ulltang og resten av kvintetten Fretless Five i Kabuso.        

Fretless Five er ein oslobasert jazzkvintett med utspring fra NLA Høgskolen Staffeldtsgate. Bandet spelar eigen musikk som ofte er riffbasert og drivande, men set óg fokus på det vakre og lyriske med både arrangerte delar og lengre improviserte strekk.

Fretless Five er:
 Henrik Lillehaug (gitar)
 Fredrik Svabø (gitar)
 Martin Ulltang (bass)
 Runar Netland (trommer)
 Edvard Synnes (keyboard)

Restriksjoner

Gyldig Kabusokort visast ved inngang (20 % rabatt)

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte