Fint Fransk Orkester

Arrangementsinformasjon

Fint Fransk Orkester tek deg med på ei reise bort frå det heile – i Kabuso sundag 28. februar.

Orkesteret er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.

Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.


Fint Fransk Orkester er:
JOHAN EGDETVEIT trekkspel
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Orkesteret slapp debutalbumet sitt 20. februar 2020 – sjekk det gjerne ut på Spotify!


Foto: Helle Navratil




kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
chansons