Erik Lukashaugen - Hans Børli i toner

Arrangementsinformasjon

Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song
Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m.


Erik Lukashaugen sine særeigne og jordnære viser har røter på Finnskogen. Dei fann form i møte med Hans Børli sin lyrikk på debutalbumet «Av en sliters memoarer» i 2013.


Albumet vart hylla av kritikarane og visesongaren vart tildelt Vidar Sandbecks kulturpris Regnbågåbrua.
Fem år og meir enn fem hundre konsertar seinere slapp Lukashaugen Børli-albumet «Vi eier skogene» i 2018.
Utgjevinga vart svært godt mottatt og nominert til Spellemannsprisen. I haust er han aktuell med sitt 5. album, Det vi rakk.

Til Kabuso kjem Erik Lukashaugen og Tarjei Nysted med ein sekk full av Børli-viser, samt høgdepunkt frå visesongaren sin øvrige katalog, inkludert radiosingelen «Min sønn» og «Skogblues», skriven saman med rockepoet Tom Roger Aadland.


Velkomen til ei stemningsfull og humørfylt musikalsk reise langt inn i skogen


kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
vokal
gitar
fele
mandolin