page view image

David Lynch-festival

Kabuso og Kvam filmklubb inviterer til minifestival med eit utval filmar av den legendariske regissøren og filmskaparen David Lynch som døydde tidlegare i år.
Kafeen byr på Lynch-meny og me får inviterte gjester til å presentere filmane.

Informasjon
event image

Program:
15.30 The Straight Story
Introdusert av Brit Aksnes, filmmeldar i Dag og Tid og frilans kulturarbeidar
18.00 Twin Peaks – Fire Walk With Me
Introdusert av Håvard Gjerde, lokalpolitikar og Lynch-entusiast
20.45 Mulholland Drive
Introdusert av Maria Dalland Larsen, administrativ leiar for BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival)

Billettar vert snart lagt ut.

OM FILMANE:

The Straight Story (1999, engelske undertekstar, 112 min.)
I utgangspunktet høyrdest det ut som ein vits. At David Lynch, to år etter den fullstendig vanvitige Lost Highway, skulle laga ein Disney-film – ein familiefilm – det verka nesten for godt – eller vondt – til å vere sant. The Straight Story, som er basert på ei delvis sann historie, handlar om 73-åringen Alvin Straight, som set seg på plenklippetraktoren sin og køyrer 600 km for å besøkje broren sin, som han ikkje har snakka med på ti år. Her er det ikkje antyding til verken sex eller vald. Ingen skrikande psykopatar eller dvergar som snakkar baklengs. Menneska er heilt vanlege – «as American as apple pie» – og det er ikkje ein einaste vondskapsfull person i heile filmen. Likevel er det ein film som bærer David Lynch’ høgst personlege signatur.

Twin Peaks – Fire Walk With Me (1992, norske undertekstar, 129 min.)
Eit lik driv i elva, innpakka i plast, i den vetle byen Deer Meadow, Washington. FBI er involvert, men midt i etterforskinga forsvinn den eine agenten sporlaust. Han vert erstatta av den intuitive spesialagenten Dale Cooper, som føler at mordaren vil gjenta forbrytinga si. Eit år seinare, i Twin Peaks, lever Laura Palmer eit sjølvdestruktivt liv som følgje av traume frå barndommen. Så dukkar mordaren opp att. Twin Peaks: Fire Walk with Me er spelefilmen som knyt saman dei lause trådane i den kulterklærte TV-serien, ved å fortelje hendingane som gjekk føre serien.

Mulholland Drive (2001, norske undertekstar, 146 min.)
Jente frå landet møter femme fatale. Eit uhyggjeleg intenst drama regissert av Lynch – som alltid svevande mellom draum og drama. Me møter Betty, ei ung kvinne frå landet som kjem til Hollywood proppfull av håp og draumar. I leilegheita ho skal låna av den bortreiste tanta si møter ho ei ukjend kvinne med hukommelsestap, ei mørkhåra femme fatale med ei handveske som inneheld 50.000 dollar og ein blå nøkkel. Saman prøver dei å finne ut kva som eigentleg har skjedd. Dette er starten på eit intenst og til tider uhyggjeleg drama fortald slik berre David Lynch kan det.

 

Regissør og manusforfattar David Lynch (1946-2025) var kjend for sin unike stil kor han kombinerte det surrealistiske, det absurde og det uhyggelege. Lynch debuterte med filmen Eraserhead i 1977 og står bak kjende filmar som Blue Velvet (1986), Wild at Heart (1990), The Straight Story (1999) og Mulholland Drive (2001).
Han vart for alvor «allemannseige» gjennom TV-serien Twin Peaks (1990).


Sjekk ut fleire arrangement på kabuso.no 

__________

Praktisk info:
Festivalpass = inngang på alle tre filmane
Festivalpass gir deg også medlemsskap i Kvam filmklubb ut vårsemesteret 2025

Kafe/gåvebutikk: Open frå kl 11
Utstilling: Open kl 11-16 (eigen billett)

 

kabuso kunsthusetkabuso film lynch festival kafe