Bounce Alarm - jazzsekstett med popteft

Arrangementsinformasjon

CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon
STURLA HAUGE NILSEN trompet
ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon
INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte
MORTEN BERGER STAI kontrabass
RINO SIVATHAS trommer

Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem Bounce Alarm – eit ensemble med store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart – ikkje minst i møte med born og ungdom.

Bounce Alarm har allereie spelt på London Jazzfestival og All About Jazz var begeistra: «Many jazz genres could be namechecked as the group changed between whiplash bop breaks, detailed and restrained cool jazz, cooking hard bop and rock energy.»

Ein lettare sprø sekstett som fenger og underheld publikum i alle aldrar.

kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
jazz
pop