Bornas Kabuso - Polarekspressen

Arrangementsinformasjon

Det vert julefilm i år og: Polarekspressen
Lengd: 1 t. 40 min.
Aldersgrense: 6 år

Borna er også velkomne til ein julete verkstadaktivitet etter filmen.

Om filmen:

På sjølvaste julekvelden ligg Chris i senga og tviheld på trua om at julenissen skal komma på ein gåverik visitt, då han plutseleg høyrer eit dundrande brøl. Utanfor på gata stansar eit skinnande, svart tog. Det er starten på den utrulege reisa til Nordpolen.

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born med kring 4 arrangement i halvåret.
Medlemsskap kostar 70 kroner, som gir gratis inngang til alle arrangementa i klubben.
Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.


Følg med på kabuso.no og Facebook-sida vår for program 2022!

kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
bornaskabuso