Best Western Swing

Velkomen til ein torsdagskveld det svingar skikkeleg av - i Kabuso 2. november kl 20!
Stian Carstensen - trekkspel og steel gitar
Staffan William Olsson- gitar
Asle Røe- gitar
Finn Guttormsen - bass
Jarle Vespestad- trommer
Best Western Swing er fem musikarar foreina i kjærleik til western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane (t.d. Bob Wills, Spade Cooley, Jimmy Bryant/Speedy West og Hank Garland). I eit vidare perspektiv kan ein kalla det ”instrumental elektrisk americana”.
BWS (som på ingen måte er ortodokse museumsvoktarar) er leia av Asle Røe, opprinneleg frå Otrøya i Molde kommune - men med tolv år som profesjonell gitarist i Houston, Texas.
Med på laget er 60% av Farmers Market: Stian Carstensen på steelgitar og trekkspel, Finn Guttormsen på bass og Jarle Vespestad på trommer, samt gitarist Staffan William-Olsson frå The Real Thing.
Antall strenger totalt: 36.
Sitjeplassar: Fritt val på konsertdagen
Restriksjoner
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte