page view image

BAKER HANSEN - Chet Baker på nynorsk

Arrangementsinformasjon
event image

«Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis»
Audun Vinger, D2

Baker Hansen er:
Kjetil Jerve – piano
Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal
Erling Skorpen- trompet
Tore Flatjord – trommer
Stian Andersen – kontrabass

Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål?
Det kan du finna ut fredag 2. september – i konsertsalen i Kabuso.

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).

_____________

Sagt om Baker Hansen: 

«Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne»
Tor Hammerø, Side2

«En liten perle»
Lytterom NRK P2

«Ein sikker scenesuksess»
Roald Helgheim, Dagsavisen



kabuso
kunsthusetkabuso
hardangerogvossmuseum
øystese
kvam
hardanger
chetbaker
nynorsk
bakerhansen