Apneseth Trio & Erlend Nødtvedt

Arrangementsinformasjon

Velkomen til Erlend Apneseth Trio med Erlend Nødtvedt i Kabuso!
No har hardingfelevirtuos Erlend Apneseth tatt steget inn i eit ope landskap i ein trio med breid erfaring frå både improvisasjonsmusikk og rock. Bandleiaren er ein av landets fremste hardingfeleutøvarar, opptrer i A-klassen under Landskappleiken, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester og har etterkvart motteke nok prisar til å gjera støvtørking på peishylla til ei komplisert affære.

Trioen består av trommeslager Øyvind Hegg-Lunde (Electric Eye, Building Instrument, José González) og gitarist Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher), som i ei  årrekke har spelt saman i duoprosjektet Strings & Timpani før Erlend inviterte dei inn i sitt prosjekt. Trioens første album Det andre rommet kom tidligare i år og har fått fantastiske omtalar i alt frå MOJO til Dag & Tid.

> Erlend Apneseth Trio slapp i 2016 albumet, "Det Andre Rommet", på det renommerte plateselskapet Hubro. Plata fekk overveldande kritikkar i Noreg, såvel internasjonalt, som i magasin som MOJO og BBC Music Magazine. Den havna på fleire årets beste-lister, gjennom blant anna Aftenposten og Dagsavisen. I tillegg vant plata Folkelarmprisen og blei nominert til Spellemannsprisen i Noreg i kategorien "Åpen Klasse".
> September 2017 slapp bandet på nytt album, "Åra", til strålande kritikkar både her heime og i utlandet. Også dette albumet blei nominert til Spellemann i Åpen Klasse. 

Erlend Apneseth (hardingfele)
Stephan Meidell (gitar, effektar)
Øyvind Hegg-Lunde (trommer, perkusjon)


Med seg i Kabuso denne kvelden har dei også: Erlend Nødtvedt

Foto: Elias Dahlen (Aschehoug)

Erlend O. Nødtvedt debuterte med diktsamlinga «Harudes» i 2008. Sidan då har han gjeve ut diktsamlingane «Bergens beskrivelse» (2011) og «Trollsuiten» (2014). Nødtvedt er ansett som ein av sin generasjons mest sentrale lyrikarar, og han har begeistra anmeldarane. "Dette vil med stor sannsynligheit vera ein av poesihaustens mest potente og originale utgjevnadar," skreiv blant anna BTs anmeldar om «Bergens beskrivelse».

Og nettopp originalitet er eit sentralt ord i forhold til Nødtvedts lyrikk, hans dikt har ei særeigen energisk, vilter og besvergende form som har bragt noko nytt inn i norsk poesi. For diktsamlingane har han vunne prisar som Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017.

Hausten 2017 gav Nødtvedt ut sin første roman «Vestlandet». Den fikk strålande mottaking og er blant anna blitt omtala som "en praktfull ode til Vestlandet" og "rein fest og sælebot". Nødtvedt blei kåra til ein av de ti fremste unge, norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Sjå og høyr: 
Erlend Apneseth Trio og Erlend O. Nødtvedt: LYSNE

Les meir om konsertar- og arrangement i Kunsthuset Kabuso!

hardingfele
gitarist
trommeslager
lyriker
dikt

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte