Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Torun Torbo presenterer En tone, en tråd:
Ein konsert der Bach sine melodiar snirklar seg inn og ut av betraktningar rundt tråden som fenomen.
Tråden i mytologien og eventyra, tråden i historiar, i strikketøy og i musikk.
Torun Torbo er utdanna fløytist med spesialitet på historiske tverrfløyter i tre, og tilsett som journalist i NRK radio. I tillegg har ho ein lidenskap for spinning og strikking.
I denne forestillinga, ein del av hennar eige konsept, Fløytefortellinger, kombinerer ho historiar som kretsar rundt tråden som kulturbærar - med Bach sine stykke, både skrivne for solo-fløyte og cello-suiter spelt på fløyte.
For å laga stemning i historiane brukar ho også eigne lydkulissar.
Instrumenta er ein barokkfløytemodell frå Bach si eiga tid - og eit litt lengre og djupare instrument:
Flauto d’amore, kjærleiksfløyta, som har ein djupare og mjukare tone.
Publikum er velkomne til å lytta MED strikketøy - og ta gjerne en strikkeprat i etterkant.
Støtta av Kulturdirektoratet
Open kafé
Sjekk ut fleire arrangement på kabuso.no