Ola Bremnes

Sundagkveld med Ola Bremnes – kva kan passa betre? Hald av sundag 1. september, konsertstart kl 18.

page view image
Event date

Sunday 1 Sep 2024 18:00

Ends Sunday 1 Sep 2024 19:30
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

event image

Event information

Ola Bremnes – vokal
Tore Bruvoll – gitar
Gjermund Silset – bass 

Folkekjære Ola Bremnes kjem med nytt album våren 2024. I samband med dette tek han ein liten konsertrunde m.a. til oss i Øystese.
Med seg har han to briljante musikarar; Gjermund Silset og Tore Bruvoll.

Det nye albumet er kalla Det som gjør at grønt e grønt. Her finst betraktningar om livets viderverdigheiter.
Veivalg og vår, kjærleik og blinkande lys. Kor ting eigentleg finn stad.
 

Bremnes er elles mannen bak songar som Har du fyr og Mi pia, din gutt
Han har ein rikhaldig katalog å ausa frå. Nytt og gamalt, kjent og ukjent vert miksa i til ei herleg musikalsk trollmannsgryte i denne konserten.
Kraftig krydra av musikarar som Bremnes har spelt saman med i mange år.
Her vert det servert samspel av ypparste klasse, ispedd lun humor og sterke historiar, både til å grina og le av. 

Eg skriv om det som berører meg, sier Ola. Då kan det henda at publikum også blir berørt.  

Kabuso inviterer til ein STOR kveld med desse tre karane. Her er det berre skaffa seg billettar, hiva seg i kalosjane og ta sete i salen!

________

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
Organizer
Kunsthuset Kabuso
Place your order